─ Olja er eit offentleg gode. Og då har utanlandske aktørar eit moralsk ansvar for openheit og sosial rettferd for dei som eig ressursane, seier Elias Isaac, landkoordinator for Open Society Initiative, til Ny Tid.
Den kjende angolanske aktivisten er i Oslo i høve konferansen «Norway and Angola - the perfect partnership?», som Fellesrådet for Afrika og Christian Michelsens Institutt (CMI) arrangerte denne veka. Sidan 1991 har Statoil og fleire andre norske selskap vore aktive i den angolanske oljeindustrien, og norske myndigheiter har blant anna samarbeida med angolanske myndigheiter gjennom bistandsprogrammet «Olje for utvikling».
─ Angola er blitt svært viktig for norsk oljeindustri, og me må ha ein debatt om konsekvensane av å investere i land med så store sosiale og politiske problem, seier dagleg leiar i Fellesrådet for Afrika, Magnus Flacké.
I kraft av å vere ein dei største oljeeksportørane i Afrika er angolansk oljeindustri eit viktig investeringsobjekt for norske selskap, men både norske og angolanske organisasjonar er uroa for dei avtalane som norske selskap inngår i Angola. Måndag avdekka Dagens Næringsliv at Statoil ikkje veit kven som eig selskapet Prodoil, ein av dei nye partnarane til Statoil i Angola. Avisa avdekka tette band mellom Prodoil og kretsen rundt den mangeårige presidenten i landet, Jose Eduardo Dos Santos.
─ Problematisk
Trass i at Angola er eit av dei landa i Afrika som i størst grad er knytt opp til den internasjonale marknaden, får landet strykkarakter både når det gjeld korrupsjon og openheit. Transparency International rangerer landet som 157 av 177 land, og ifølgje Verdsbanken kan 40 prosent av alle selskap i landet knytast til ulovleg aktivitet.
Tove Stuhr Sjøblom, Statoil sin direktør for Afrika sør for Sahara, er klar på at selskapet ser på skjult eigarskap blant samarbeidspartnarar som eit problem.
─ Det er angolanske myndigheiter som avgjer kva reglar som gjeld på sokkelen. Nokre gongar kjem me i kontakt med nye selskap, og då prøver me alltid å finne ut kven eigarane er. Av og til er det vanskeleg, men me leiter etter indikasjonar. Når Statoil ikkje har kjennskap til eigarane, må me ta høgde for at selskapet heilt eller delvis kan vere eigd av politisk eksponerte personar, seier Sjøblom til Ny Tid.
Ho fortel at selskapa med skjult eigarskap blir underlagt dei same vilkåra og kostnadskrava som andre selskap, for å sikre at Statoil ikkje involverer seg i ulovleg aktivitet. På spørsmål om det er mogleg å vere drive utan å gå på akkord med sine eigne openheitsprinsipp, gjer Sjøblom der klart at Statoil ikkje ville ha vore i landet om det var fare for slikt.
─ Korrupsjon og manglande openheit er ei utfordring i angolanske økonomien, men me opplever det nasjonale oljeselskapet Sonangol som profesjonelt. Og vår erfaring er at det er mogleg å operere innanfor relevant anti-korrupsjonslovgjeving og våre eigne etiske retningslinjer sjølv om me ikkje har all og stadfesta informasjon om eigarskapen til alle våre forretningspartnarar. Samstundes har me gått føre for å sørgje for openheit rundt drifta vår, blant anna gjennom å frivillig rapportere bilateralt om utgiftene våre i Angola, seier Sjøblom.
Ingen innblanding
Magnus Flacké meiner Statoil må gå føre som eit godt eksempel når det gjeld openheit i oljeindustrien.
─ Statoil bør ikkje gå inn i prosjekt utan å kjenne kven som eig partnerselskapa. Det vil gagne Angola, men det vil òg vere til fordel for Statoil, seier Flacké.
Elias Isaac er einig med Fellesrådet for Afrika. Han meiner at Statoil er i ein unik posisjon til å fremme meir openheit frå angolanske myndigheiter.
─ Den angolanske staten er heilt avhengige av Statoil sin kompetanse for å utføra dyphavsprosjekt på den angolanske sokkelen. Då er det mogleg å bruke marknadsmakta til å presse myndigheitene til å forby skjult eigarskap, seier Isaac.
Statoil avvisar at dei kjem til å presse angolanske myndigheiter til å forby skjult eigarskap, og framhevar heller andre tiltak for å skape meir openheit.
─ Statoil har ein viktig rolle i Angola, men me er ikkje viktigare enn andre selskap som opererer i landet. Det er ikkje aktuelt for oss å påverke den angolanske lovprosessen, men me tar opp temaet i møte med myndigheitene, seier Sjøblom til svar.
Skatteparadoks
Oljeeventyret i Angola står for ein tredjedel av all handel mellom Noreg og afrikanske land, og i fjor betalte Statoil åleine inn 33 milliardar kroner i skatt til angolanske myndigheiter. Trass i at Noreg har gitt landet teknisk kompetanse når det gjeld forvalting av naturressursar, er det få teikn til at dei sosiale måla for ressursforvaltinga blir nådd.
Sjølv om Angola har eit BNP per innbyggjar som er like høgt som fleire europeiske land, lever minst ein tredjedel som angolanarane i ekstrem fattigdom. Trass i 12 år med fred og stor økonomisk vekst, er det få teikn til at landet går i ei meir demokratisk retning og rettferdig retning.
─ I dag har Angola eit udemokratisk regime, styrt av ein liten elite som har kontroll over alle delar av samfunnet, seier Magnus Flacké, og peikar på at fleire av samarbeidspartnarane blir sensurert av det sittande regimet.
Tener
Elias Isaac ber Noreg om å vere meir aktive for å fremme sosial rettferd og menneskerettar i landet.
─ Sjølvsagt er det den angolanske staten sitt ansvar å ta vare på sine eigne innbyggjarar, men det er eit ansvar som staten ikkje har tatt. Til sjuande og sist tener det norske folk på den norske aktiviteten i Angola, og då har både selskapa og den norske staten eit spesielt ansvar for utviklinga i Angola, meiner Isaac.
Styreleiar i Fellesrådet, Ingrid Stolpestad, deler synspunkta til Isaac når det gjeld selskapa sitt ansvar. ─ Norske selskap, og Statoil spesielt, blir oppfatta som representantar for Noreg. Då er det viktig at dei er det ansvaret bevisste, seier ho.
Artikkelen sto på trykk i Ny Tid den 26. september 2014.