Fellesrådet for Afrika takkar for høvet til å kunne kome med innspel til Statsbudsjettet 2017.
Budsjettet for 2017 vidareførar i mange samanhengar viktige prioriteringar i utviklingssamanheng, men Fellesrådet for Afrika vil framheve tre aspekt ved proposisjonen som etter vår oppfatning er mangelfull.
I starten av årets rapport om samstemt politikk for utvikling, som òg denne gong noko arbitrært har blitt lagt til denne stortingsproposisjonen, refererer regjeringa til Utenrikskomiteen si innstilling nr 269 (2008-2009) som grunnlag for rapporteringa. Fellesrådet for Afrika ønskjer å minne om ei viktig formulering frå komiteen sine merknadar:
Samstemtrapporten for i år gjer meget godt greie for alt det særs gode arbeidet regjeringa gjer som støtter opp om berekraftsmål 16. Likevel kjem rapporten alvorleg til kort når det kjem til å drøfte dilemma og interessemotsetningar når det eksempelvis kjem til følgjande spørsmål:
Under mål 16.1 Reduksjon i alle formar for vald og valdsrelatert daud
- Allianse-relaterte målsetningar sett opp mot regjeringa si eksplisitte formulering om at FN tek prioritet. I år utfasar regjeringa den deltakinga i MINUSMA i Mali, og avsluttar med det sitt siste operative styrkebidrag til FN.
- Evaluering av norskstøtta militærintervensjonar, som til dømes den i Libya.
Under mål 16.4 Betydeleg reduksjon av ulovlege finans- og våpenstraumar
- Interesser knytt til dei positivt lada ambisjonane om auka næringslivsaktivitet på til dømes det afrikanske kontinentet er ikkje veid opp mot krav om auka finansiell transparens og rapportering. Norske aktørar sin bruk av hemmeleghaldsjurisdiksjonar er berre handsama særs overflatisk.
- Interesser knytt til norsk våpenproduserande industri er ikkje drøfta opp mot internasjonale initiativ for auka eksportkontroll og meiningsfull merking og sporing. Det heiderlege unntaket er Nigeria-båtane, men det tilfellet er eit avvik frå rutinar, ikkje ei vurdering av om rutinane er tilstrekkeleg.
Under mål 16.5 Betydeleg reduksjon i alle formar for korrupsjon
- Interessemotsetningar mellom ønsket om ubyråkratiske rapporteringskrav for norske internasjonaliserte bedrifter og rolla til styresmakter, media og sivilsamfunn som vaktbikkjer for å motarbeide korrupsjon.
Under mål 16.8 Inkluderande og representative beslutningsprosessar på alle nivå
- Motsettande interesser i samband med stemmevektsreform i IMF og WB.
- Motsetningane i Norges politikk for å forfølgje bi- og plurilaterale handelsavtalar når det passar landets interessar, sett opp mot alle små lands interesse av at reduksjon og endring i handelsrestriksjonar blir vedtekne i multilaterale fora som WTO.
- Spenninga mellom Norges interesse av at internasjonalt skatte- og transparensarbeid skjer i den etablerte OECD-konteksten, sett opp mot afrikanske og andre land si interesse av eit globalt og meiningsfylt FN-organ for skatt.
Utover mangelen på å tydeleggjere motsetningar og interessekonfliktar, bidrar ikkje rapporten til at «, ettersom han foreligg som vedlegg til statsbudsjettsproposisjonen.
Den årlege rapporten om samstemt politikk for utvikling bør vere utført av ein uavhengig, forskingsbasert institusjon, ikkje kome i samband med statsbudsjettet og regjeringa bør opprette ein eigen seksjon i UD som står for koordineringa av samstemt-arbeidet.
Under samstemtrapporten sitt kapittel om tilgang til informasjon og grunnleggjande fridomar (berekraftsmål 16.10) blir det referert til at Norge i 2014 for ein periode fraus bistand til Uganda for å grunnleggjande menneskerettar, i denne samanheng knytt til anti-homofililoven som vart vedteken i landet. Regjeringa har både i stortingsmelding 10 (2014-2015) om menneskerettar, i sine handlingsplanar for ytringsfridom og uavhengige medier (2016-2018) og næringsliv og menneskerettar knesett menneskerettar som eit gjennomgåande og overordna tema i norsk utviklingssamarbeid.
Som regjeringa skriv i proposisjonen, har menneskerettssituasjonen i Etiopia teken ei særs urovekkjande retning det siste året. Det blir rapportert om unntakstilstand, minst 500 drepte, omfattande stengsel for internett og sosiale medier, forbod mot utanlandske etiopiardrevne TV-kanalar og forbod for diplomatar mot å reise meir enn fire mil ut frå Addis Abeba.
Etiopia har i mange år balansert å både vere eit alvorleg undertrykkjande regime og samstundes eit internasjonalt eksempelland i å skape vekst og implementere utviklingsplanar. Den balansen har no klappa saman, og det er med håp vi merker oss at utanriksministeren i oktober reiser til Addis Abeba for politiske samtalar. Etiopia kan ikkje bestå som norsk prioritert fokusland samstundes som styresmaktene ikkje tek inn over seg at omfattande og reelle politiske reformar må til. Norge bør vere budd på å gjere alvor av at menneskerettane er eit overordna omsyn i utviklingspolitikken, og kontinuerleg vurdere frys av bistand til Etiopia i lys av situasjonen.
Det er viktig når statsbudsjettet anerkjennar at eit mangfoldig og dynamisk sivilsamfunn bidreg til å korrigere styresmakter på sentrale områder ( s 196.) Likevel må ein ta omsyn til at arbeidet med å styrke sivilsamfunnet er langsiktig, og ikkje alltid fører til endringar i samfunnsstruktur og utvikling på kort sikt. I tillegg har arbeid med sivilsamfunn ofte viktige sideeffektar. Dei tunisiske fredsprisvinnarane hadde aldri passa inn i eit mål- og resultatrammeverk for bistand til stabilitet i sårbare statar.
Styrking av sivilsamfunn er ikkje berre viktig i land vi gir bistand til, men òg i Norge for å sørgje for meinings- og kunnskapsutveksling og for å sikre opne, demokratiske og velinformerte vedtak her heime, ikkje minst om samstemt politikk for utvikling. Dei minste organisasjonane, som vil takle eigenandelskrav i støtta for informasjonsformål dårlegast, er dei som står best posisjonert for å drive informasjonsarbeid som ikkje handlar om eigne bistandsbragder, men heller fokusere på norsk politikk for utvikling, uavhengig av volum og innretning på bistand. Difor oppmodar Fellesrådet for Afrika komiteen om å ta til seg RORG-samarbeidet sine innspel om innretning og justering av informasjonsstøtta.