Næringsutvikling
For å oppretthalde dagens sysselsettingsnivå på det afrikanske kontinentet må ein stad mellom 15 og 20 millionar jobbar skapas årleg. Det er ei massiv utfordring med enorme potensielt positive sider. Samstundes er jobbskaping avgjerande for å unngå avsporing for all måloppnåing innanfor bærekraftsmåla. Difor er regjeringa sin jobbskapingsagenda avgjerande viktig og må vere riktig innstilt.
Det er prisverdig at regjeringa foreslår auke i støtta til næringsutvikling over bistandsbudsjettet (Kap161). Samstundes, viktigare enn enkeltståande prosjekt i skjæringspunktet næringsliv og bistand er at alle norske bedrifter engasjert i utlandet integrerar FNs prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP) og relaterte OECD-retningslinjer i si verksemd. Gjennom å integrere denne typen omsyn i
system for innkjøp, investering og skatteplanlegging for alle norske selskap vil effekten for utvikling langt overgå det ein kan oppnå over eit bistandsbudsjett.
For å fremme handel med dei afrikanske landa med kapasitet for eksport bør utanrikskomiteen:
- be regjeringa følgje opp Stortingsmelding 29 (14/15) og utbetre tollfordelsprogrammet. Mellom anna bør MUL-land med befolkning på over 75 millionar inkluderes i nulltollordninga, med referanse til bærekraftsmål 17.12.
For å sikre at næringslivet kartlegg risiko for å opptre i strid med menneskerettane bør utanrikskomiteen:
- be regjeringa følgje opp fleirtalsmerknadar til Stortingsmelding 35 (14-15) om at bistandsfinansierte næringslivsprosjekt skal gjennomføre aktsomheitsvurderingar formenneskerettar (human rights due diligence) i tråd med FNs prinsipp.
- be regjeringa ta aktiv del i forhandlingane om ein bindande internasjonal traktat for næringsliv og menneskerettar.
For å sikre at kommersielt engasjement kan mobilisere ressursane afrikanske stater treng for å gjere sin del av jobben med å nå bærekraftsmåla bør utanrikskomiteen:
- gjeninnføre “bærekraftig naturressursforvaltning og åpenhet om kapitalstrømmer” som mål for sivilsamfunnsbevilgninga (kap. 160.70)
- be regjeringa gjenoppstarte “Skatt for utvikling” i tråd med forpliktingane i Addis Tax Initiative.
Langsiktig partnarskapsland utan exit-strategi
Etiopia er mellom landa som dei siste tiåra har vist interesse og kapasitet for langsiktig partnarskap med vestlege land innanfor bistand og handel. Samstundes fører styresmaktene eit strengt regime med aktiv bruk av antiterrorlovar, trugsmål og drap av journalistar og undertrykking av politisk motstand. Under dette trykket har det særleg det siste året vore blodige protestar, utanomrettslege drap og unntakstilstand.
Stortingsmelding 10 (14/15) slår fast at menneskerettar skal vere eit tverrgåande omsyn i utanriks- og utviklingspolitikken. Situasjonen i Etiopia aktualiserar behovet for at partnarskapsmodellen innheld ein slags exit-strategi. Korleis skal ein handtere forverring av vilkåra for politiske og sivile rettar i eit partnarland? Kva for vilkår skal til for å gjennomføre frys eller avslutte partnarstatusen? Korleis opptrer ein ved frys av bistand for ikkje å tape oppnådd framgang i dei aktuelle bistandsprosjekta? Korleis skal ein differensiere mellom bilateral bistand og bistand kanalisert gjennom sivilt samfunn? Vi visar vidare til fleirtalsmerknaden til stortingsmelding 24 (16/17) om grunnleggjande menneskerettar som kriterie ival av partnarland.
For å sikre ei forsvarleg forvaltning av partnarland utan å gå på akkord med grunnleggjande
menneskerettar bør utanrikskomiteen:
- be regjeringa om å formulere vilkår og systematikk for korleis ein skal handsame langsiktige partnarland som viser manglande respekt for grunnleggjande politiske og sivile
menneskerettar. Kriteriane må eliminere vilkårleg handtering av menneskerettskriser og
systemet må sørge for at prosjektframskritt ikkje går tapt ved frys eller partnaravslutning.
Omstridt migrasjonsstøtte
Regjeringen varsla 10. oktober ei auke på 30 millionar til EUs migrasjonsfond for Afrika (EUTF) i det komande året, slik at samla støtte til fondet er på 50 millionar. Samstundes er fondet blitt utsett foromfattande bistandsfagleg kritikk 1 . Fondet blir òg kopla til sudanesiske styresmakter si omsynslause framferd i grensevakt mot Libya og returnering av politiske flyktningar frå Eritrea 2 .Bistandsfagleg kvalitet og prinsippet om do no harm bør gjelde som kriterie for alle bistandsauker, og utanrikskomiteen bør:
- kutte 30 millionar av budsjettpost 162.70 og vidareføre støtta til EUTF på noverande nivå (20 millionar).
Samstemt politikk for utvikling
Praksisen med å rapportere om samstemt politikk for utvikling som del av statsbudsjettet bryt med formålet for rapporteringa, å synleggjere samspelet mellom nasjonal politikk og interesser og deira brytning mot utviklingsinteresser. Utanrikskomiteen bør:
- be regjeringa rapportere sjølvstendig om samstemt politikk for utvikling og leggje til rette for meiningsfylt innflytelse frå næringsliv, akademia og sivilsamfunn i det planlagte forumet.
Sivilt samfunn
Sivilt samfunn er under press i ei lang rekkje land, samstundes som eit aktivt sivilsamfunn er
grunnleggjande for demokrati, menneskerettar og rettsstatlege prinsipp. Difor bør komiteen:
- oppretthalde demokratistøtta gjennom politiske parti og auke posten 160.70 minst tilsvarande prisstigning.
Styrking av sivilsamfunn er ikkje berre viktig i land vi gir bistand til, men òg i Norge for å sørgje for meinings- og kunnskapsutveksling og for å sikre opne, demokratiske og velinformerte vedtak her heime, ikkje minst om samstemt politikk for utvikling. Dei minste organisasjonane, som vil takle eigenandelskrav i støtta for informasjonsformål dårlegast, er dei som står best posisjonert for å drive informasjonsarbeid som ikkje handlar om eigne bistandsbragder, men heller fokusere på norsk politikk for utvikling i tråd med ordninga sitt formål. Evnen til å nå målgrupper og få informasjonseffekt måles i Norad si faglege vurdering av søknadane, ikkje i evne til å mobilisere eigenandel. Vidare er komiteens
merknad frå førre statsbudsjett om konsekvensutgreiing i eigna format ikkje omsynstatt av regjeringa. Difor bør utanrikskomiteen:
- avvise forslaget om eigenandel i informasjonsstøtta, gjenopprette informasjonsstøtta som budsjettlinje (160.71) og auke potten med 20 millionar, i tråd med Rorg sitt innspel.